tirsdag 24. april 2012

Ein ny venn.


Vi har fått ein ny venn i huset! Etter eit lengre opphald i "snartferdigkorga" fikk endelig bowlingbamsen ( ifølge Simen ser den ut som en bowlingkanin..? ) flytte innpå leikerommet.
Kanina er hekla med utgangspunkt i ei oppskrift frå garnstudio.




Her har vi ein skikkelig daffedag. Vi er småpjuskne alle tre, så det blir ingen overanstrengelsar på oss i dag nei.

onsdag 18. april 2012

Prosjekt tripp-trappstol - ferdig!



No er det vel på tide å gje dokke ei oppdatering på tripp-trappstol prosjektet vårt.


Viser førbildet ein gang til for de som har dårlig hukommelse..
Stolen mangla sitteplata (er fotplata som er flytta opp på dette bildet), så Oddvar har laga ei ny av ei kryssfinèrplate. Så litt sparkling, pussing og måling...

Tataaa.. Ny stol!


Simen er veldig fornøgd med nyestolen sin! Og då er mammaen og pappaen det òg.

tirsdag 17. april 2012

Vinnerlykke!


Tjohoo! Eg har vunnet! Også eg da, eg som aldri vinn noko som helst. Det er kvardagslykke det!



Premien fikk eg i posten i går, boka "En dag" av David Nicholls. Eg har ikkje rukke å lese så mykje av den enda, men so far - so good. Tusen takk til Fine friminutt!! 




Måtte ta eit bilde av minstegullet då eg likevel var på soverommet med fotoapparat - er liksom ikkje så veldig ofte det skjer. Han er endelig blitt frisk og fyrige igjen. Vi har vel konkludert med at det var den fjerde barnesjukdommen han har vore plaga med, så no er vi iallefall ferdig med den.

torsdag 12. april 2012

Påskeavslutning.


Så blei det visst ein aldri så liten påskepause frå blogging - og eg som nettopp var begynt! Jaja, sånn blei det no berre. Påskeferien fauk forbi akkurat slik som feriar brukar, og skal! Så no passar det perfekt å legge ut den obligatoriske bildesamlinga frå påska vår, på samme tid som eg pakkar vekk siste rest av påska i huset. No går vi virkelig mot lysare tider!  



Simen, mormor og morfar på Kråkenes fyr.










Refviksanden.

( Då blei det plutseleg ikkje fleire bilder. Ruben våkna frå luren sin, framleis med høg feber, så no er det kun kos som gjelder. Stakkars gullet mitt! )


tirsdag 3. april 2012

Ruben 6 mnd. i dag.

HippHurra for lillegullet mitt som blir 6 mnd. i dag. Tida går virkelig så ALT for fort! Syns det ikkje er lenge sidan vi satt på sjukehuset med eit nyfødt gull i hendene. Men, kvar alder har sin sjarm - så det er kjekt å sjå han veks til også.

Idag har vi hatt besøk av fine Elise. Etter det har vi feira 1/2-årsdagen med ein tur i svømmehallen. Stor stas for begge gutane. Så heim til eggmåling - bilder av resultatet kjem i morgon.




søndag 1. april 2012

April.



Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,
i den blir sommeren til.


-Bjørnson



Alle veirtypar på ein gong. 



Fantastisk fin utsikt på Nygård.



Ja, då var palmehelga nesten over. Den har gått fort som fy, som dei fleste helgar! Fredagen gjekk med til helgavask, matlaging og klubbemiddag med ein fine liten flokk med familie. Laurdag hadde vi besøk av eit vennepar og den skjønne lille jenta deira. Og dagen i dag har rasa forbi på Nygård, med begge dei flotte søstrene mine m/kjærestar heime! No er gutane i seng etter ei god leikestund her heime, så då blir det avslapping og film på oss to største.