onsdag 2. mai 2012

Phu..


No må vi no vel vere ferdig med sjukdom for ei stund? Siste vekene har vi skifta på å vere sjuke alle mann, men no er vi endelig friske, fyrige og superklare for vår og alt som følgjer med.

Herlighet kor smågulla har utvikla seg denne "sjukdomsperioden"!
Ruben har gått frå å ligge på ryggen å leike med ranglene sine (han har av og til rulla over på magen, men det har han ikkje syns var noko kjekt), til å rulle begge veiar, flytte seg både sidelengs og bakover på golvet. Og han har blitt SÅ nyskjerrig både på mat og kva vi andre gjer på.

Simen er blitt enda flinkare å prate. Ord og setningar flommar på.
Også er det skremmande å sjå kor fort han snappar opp det vaksne seier. Både enkeltord, meiningar vi har og ting vi pratar om. Han tek også ting vi sei til han mykje meir innover seg no, positive og negative. Her gjeld det verkeleg å ha tunga rett i munnen no ja.




Kvardagslykke er å høyre "du er bestevennen min", etter ein ettermiddag ein ikkje berre har vore enige - for å seie det mildt.

3 kommentarer:

  1. Nåh, så flott! Ekte "kvardagslykke" dette her:)

    SvarSlett
  2. hei, og takk for kjempekoselig kommentar!! og så kjekt at du vil følge bloggen!
    og takk for fin påminnelse om ordbruk i dette innlegget. merkar at den påminnelsen kan trengast i blant med ein 4åring i hus:) ønsker dikka gode og friske maidagar! klem

    SvarSlett
  3. Å, for en skjønn blogg du har! Og så herlig med sånne hverdagslykker - og du har jo så rett! Det beste er når de små sier eller gjør de skjønneste, rareste ting... og å få høre at man er bestevenner, det er fint det. Nydelig! Veldig bra med en påminnelse om hva ord kan gjøre med et menneske også. Takk :)
    Jeg kommer innom igjen!! :) klem

    SvarSlett