onsdag 19. september 2012

Kvardagslykke i eit lys.





Eg elskar duftlys! Men eg har også sterke meiningar om korleis eg vil dei skal vere. Dei skal lukte - men ikkje for mykje. Dei skal ha ei spesiell duft - men ikkje så spesiell at eg blir lei etter 10 min.  Dei skal vere laga av naturlig mineralvoks - så eg slepp å bekymre meg for alle dei kjemiske stoffa som svirrar rundt. Dei må også gjerne vere litt fine å sjå til sidan eg helst har dei framme heile tida.


No har eg endelig funne dei perfekte! Dei oppfyller alle kriteria mine, og finnes heldigvis i mangemange knallgode dufter. Eg klarte ikkje bestemme meg for kva for eit eg skulle prøve først, så eg hamstra med meg tre med ein gang. "Amber & Lavender", "Bitter vanilla" og "Fresh linen". "Fresh Linen" har eg ikkje fyrt på enda, men tok av lokket å satt den på soverommet, og no dufter det herlig nyvaska sengetøy heile tida. Det at dei er handlaga i ei lita landsbygd i England er prikken over i'en. Superfornøgd! Lysa er selvfølgelig kjøpt på Fiolen i Stryn Ein stor takk til Astrid for at du tok inn desse flotte lysa!







1 kommentar:

  1. Naturleg mineralvoks og giftige stoff har eg aldri tenkt på....Oooooops! Men då kan eg berre seie; lys nr. 2 og 3 står herved på ynskjelista;)

    SvarSlett