Smågulla er komne i seng. Fyr i ovnen, kveikte stearinlys og tekoppen er leita fram. Eg er litt småpjusk i dag, så har store plana om å bli sittande i godstolen resten av kvelden. Med strikketøy og nyaste "Vakre hjem og interiør" trur eg det skal gå HEILT fint.
Ha ein god kveld alle mann der ute i bloggland!
høyrdest ut som ein deilig kveld (bortsett fra pjuskheiten da)! Kjekt at du er igang å blogg igjen! ha ei fin veke!
SvarSlettHaust er no berre såååååå deileg (fram til snø og is tek over då...). Å kunne leite fram tjukkelestene og kunne krype opp i sofaen under pleddet med ein kopp tè utan dårleg samvittigheit!;)
SvarSlettEg er så enig så enig. Tjukkeleste må en ha, helst mormorstrikka, dei er best!
SvarSlett